Ungdomskriminalitet: Idrettens rolle i å førebyggje utanforskap


I ei tid med aukande ungdomskriminalitet er idrett ein viktig faktor for å redusere denne trenden. Deltaking i idrett gir unge ein strukturert kvardag med rutinar og forpliktingar, noko som kan halde dei unna negative påverknader. 

Ingeborg Emilie Hammer

Idrett byggjer også fellesskap, der ungdom lærer samarbeid og respekt, noko som bidrar til å motverke utanforskap.

Vidare fremmar idrett sunne livsstilsval, styrker sjølvtilliten og reduserer risikoen for rusmiddelmisbruk. Likevel er det viktig å erkjenne at ikkje alle har lik tilgang til idrett. Økonomiske barrierar og manglande fasilitetar kan hindre deltaking. Difor er det nødvendig å arbeide for å gjere idrett meir tilgjengeleg for alle, mellom anna gjennom gratis aktivitetar og fleire idrettsanlegg i utsette område.

Skulane spelar også ei viktig rolle. Ved å styrke skuleidretten og samarbeide med lokale idrettslag, kan vi skape ei heilskapleg tilnærming til ungdomsarbeid som bidrar til å førebygge kriminalitet og utanforskap.

I Eiganes og Våland bydel er det ein aukande tendens til ungdomskriminalitet, utanforskap og mobbing. Forsking viser at barne- og ungdoms­idrett førebyggjer blant anna utanforskap. Difor meiner eg at Eiganes og Våland, og heile Stavanger kommune, bør gjere meir for å skape eit stort mangfald i idretten. Vi må legge til rette for varierte idrettsanlegg, slik at vi kan drive fleire forskjellige idrettar i nærmiljøet, slik at alle får ein stad å passe inn i idretten og ein aktivitet dei likar.